Dråggådalen

Posisjon: 32V 0531797 6994440

Plassen låg i utmarka ved ”Øvermo-vegen”, nær merket mot Kvams-marka.

Den var tatt opp sist på 1700-talet av ein Ivar Torsteinsson, som var gift med Marit frå Bjørsete. Siste brukar var barnebarnet Ivar Halvorsson (Gisenås), som var ungkar og barnlaus, slik at plassen rundt 1870 – 80 gjekk til broren Erik som frå før hadde Losslette.

Denne Ivar Halvorsen – eller ”Iva Dråggådala” i dagleg tale – går det fråsegn om enno.

Visstnok var han litt av eit muntrasjonsråd i grenda Som da han i godt lag åt seg sjuk og fekk forstoppelse. Dei helte i han godt med lakserolje, såpass at det virka eksplosivt. ”Snu meg på buken” sa Iva, ”ha ned broka”. Det sto rett opp som lekkasje på ei springvassrør, innmed var strålen tynn som ein sytråd, utmed likna den ein soplimekoll, var det sagt.

Mer alvorleg var ei hending borte ved Lauva, bekken som renn i sørkant av Losgrenda.

Der oppe i ”Lauvratet” hadde grenda ein beinstamp der dei knuste dyrebein og fekk gjødsel av det. Per Sørløkk, guttungen fra Sørlykkja like ved, var opptatt med spjeldet som regulerte vatnet til ”vasskallen”, da han glei og vart med nedover renna. Da kom det ein tirade i full panikk frå Iva Dråggådala: ”Stopp – stamp – stans - straks! Sørlykkjguten datt inni vasshjulet!” Og vasshjulet stoppa, Per var omtrent like heil, og vart opphav til ein armada av etterkomarar i Meldal ”og resten tå jorda”.