Jomoen

Posisjon: 32V 0531043 6996087

Denne plassen vart rydda i skogmoen utafor Oppstuggu, ut mot elva., rundt år 1800.

Den vart nedlagt etter knapt 30 år, og siste brukar var Jon Olsson Mjøen.

Ein dag på 1970-talet stoppa ein amerikansk familie på tunet hos oss og spurte etter Jomoen. Det var etterkomarar etter Jon Olsson som hadde ein stor barneflokk. Lite kunne eg stå til hjelp med, men eg fekk da vist dei så¨omtrent kvar husa hadde stått.