Loshåggån

Posisjon: 32V 0531872 6994862

Denne plassen heilt sør i grenda var , iflg. Nils Lykkja, felles for Nystuggu og Oppigard (gnr. 11) og låg i skogkanten ved Øvermovegen. Vart tatt opp av Engel Eriksson, ein av brørne på Sørstuggu , i 1807. Siste husmann var Pål Olsson Sugustad og kone Berit. ”Beret Håggåm” vart tidleg enkje, og ho var ”fast stasjon” når far og eg kjørte forbi med hest og stutting på veg til eller frå tømmerskogen. Da bau ho på ein kaffisup, og hadde saft og kjeks til småguten.

Ho Beret var vennesel og deltok i lag og lyd i heile grenda.

Etter hennar tid vart husa selt, og sett oppatt i ”Tussom”.

Loshåggån var sameigeplass mellom Nystuggu og Oppigard.