Losslette

Posisjon: 32V 0532244 6995387

Dette er den eldste av husmannplassane i Losgrenda, idet Lo-bøndene i 1754 bygsla bort 5 mæling dyrkingsland av felles utmark like opp for Oppigard, til Torger Velliksson Lo som var frå Sørstuggu. I 1876 vart Losslette (inkl. det ”Slette” som er omtala under gnr.8) slått saman med Dråggådalen under gnr. 10 og vi fekk det bruket som fram til no har vore Losslette.

Bruket vart sist på 1960-talet fråflytta og da delt mellom Sørstuggu og Oppigard.

Ei tid seinare gjorde husa teneste i ei brannøving for Branntrygdelaget.

Siste eigentlege husmann i Losslette var Sivert Olsson Eide frå Hølonda, gift med Gjertrud, dotra på bruket. Det var ein markant person som eg hugser godt – han lånte reidskap hos oss ved behov. Det var han som peika ut for far kvar han meinte Lo-kirka hadde stått, like ved tunet hos oss. Han bygde på ei utsegn frå ein gamal dreng på Utstuggu.