Røsbrekka

Posisjon: 32V 0531287 6996651

Bruket ligg lengst nord på Lo-platået, nedunder Brekkhaugen. Utskilt tidleg på 1800-talet, som sjølveigebruk, men var tidvis nytta som husmannsplass fram til 1920-talet da ein av sønene på Rye – Andreas Olsson Rye – overtok og bygde opp nye hus. Desse står enno, men er til nedfalls. Jord i Ålykkja – ved elva – høyrer til bruket.

Andreas døydde i 1924, og bruket vart etter ei tid overtatt av broren Torleiv som var her i mange år, til han overtok hovedbruket i 1949.