Sivertslette

Posisjon: 32V 0532330 6995553

Denne plassen låg rett opp for Losslette, i utmark, og vi kjenner til berre eitt ektepar som hadde tilhald her, nemleg Sivert Iversson f. 1824, og kona Marit f. 1825, begge frå Dovre i Gudbrandsdalen. Dei rudde og bygde her til sin døyan` dag omkring år 1900. Sivert var ein allsidig kar: skinnfellmaker, snikkar, ståtarkonge og lærar, fortel Nils Lykkja i Bygdeboka.

Mest kjent likevel fordi han dreiv litt landhandleri der oppe i utmarka. Skaffa mjøl, salt, sukker og sirup og forskjellig elles. ”Slåttvegen” gikk riktignok tett ved stua hans, men det var vel ikkje kvar dag at nokon stakk innom.