Utlykkja 3

Posisjon: 32V 0531076 6994782

Husmannsplass under Utstuggu, tatt opp i 1830 av Engel Olsson Halset som tjente på Utstuggu Lo. Han miste livet under ei rotvelte i Losmoen. Seinare reiste familien til Amerika. Etterkommere besøkte heimen ca. 1970. - Siste husmann var Arn Kristensson Utløkk (f. Skjenald). Tre av barnebarna hans fekk plassen overdratt vederlagsfritt i 1953.

Arn var ein sermerkt person. Skomakar og salmakar av yrke, høgt akta i grendelaget. Han var bl.a. fast kjøkemeister i bryllup og gravøl. Han kledde seg i sin beste stas når han gjekk gardtales og baud inn gjestene, og da med fast formulerte ord.


Merknad – generelt om Utlykkj-plassane:

Dei låg – og ligg – på rekke og rad ute ved elva, og husa står enno, delvis til nedfalls. Svært god jord, 12 – 15 dekaar på kvar og noen husdyr. Dei hadde beite- og vedrett på hovedbruket, visstnok og virke til vedlikehald av husa Slik eg kan hugse det, tok forholdet husmann / husbonde mot slutten av husmannstida meir og meir form av gjensidig hjelp og støtte. Husmannsfamilien tok eit tak i travle onnetider, og bonden sjøl lånte bort hest og reidskap til gjengjeld, eller f. eks. pløyde om det trongs.

Slik var det sjølsagt ikkje alltid og over alt. Styrkeforholdet var i grov ubalanse, og vart vel ofte utnytta, det veit vi.

 

Merknad om skrivemåte.

Det kan ofte vera vanskeleg å seie kva som er ”rett” skrivemåte på eit namn. Plassane langs Slåttvegen har her fått endinga ”-slette”, men burde truleg ha ”-slættet” med bunden form og omlyd for ”å”.

Også namnet på gardane, Lo, er diskutabelt. Sjøl har eg med ”-e” til Loe fordi det var skrive slik av bestefar og av mor (før giftarmål). Men Ola Stemshaug tilrår å skrive Lo, og dette er vel den beste skrivemåten på grend og gard. (e-en har nok dansk opphav, men kan og forklarast som ”lang o”) .

I Bygdeboka bind 3 (bind I av Gard og ætt) har Nils Lykkja mye meir om folka på husmannsplassane, noko eg ikkje ser grunn til å ta oppatt her.