Amundhåggån

Posisjon: 32V 0536514 6984123

Amundhåggån låg oppom Resellhagen. Amund Olsen, som var fødd i Dovre i 1820, bygsla husmannsplass her. Han budde saman med kona Mali Jørgensdatter frå ein plass under Agholt. Dei hadde tre søner: Ole, John og Mikkel. Ole var fødd i Hemne medan dei to siste var fødd på Amundhagen. Ved f.t. i 1865 hadde de 2 storfe, 6 sauer og korn og poteter. John fekk ei dotter i Rennebu, der etlingane framleis lever. Ole reiste til Amerika våren 1872, og Mali finn vi att som enke buande på Malipynten oppom Resellmoen.