Anestuggu

Posisjon: 32V 0536992 6984441

Anestuggu som dei kalla ho før, eller Britstuggu som vi kallar ho no, var det Anne Nordgard som åtte. Ho var lærarinne, og var fleire år på Leinstrand og Stadsbygd. Etter at ho kom heim budde ho på Nordgard og leide bort husa her. Det har vore mange leigebuarar. Ved f.t. i 1900 budde John Johnsson Snoensdal (seinare Resll-li) her med ein stor familie. Seinare budde fattiglem Marit Jonsdatter Snoen f.1844 her. Ho døyde 17.03.1910, og i kyrkjebøkene står det: "Selvmord ved hengning. Etterforsket v/lensmannen 17.03.1910". Ei tid etter denne hendinga vart det sagt at det spøkte i husa her. Ved f.t. 01.12.1910 bodde Erik Paulsson Solemsøien her. Han var fødd på plassen Solemsøya under Solem, og hadde budd ei tid i Foss Uta Vegen. Da Grytbakk vart delt i 1868 bytta han Foss mot Utibakken, og flytta dit. I 1872 solgte han Utibakken, og reiste med kone og ein son på 4 år til Amerika. I 1900 var han attkomen og budde da som enkjemann på Oppstuggu Hilstad. Husa der sto tome da. Derifrå flytta han hit til Britstuggu. Da han døyde i 1924 var han komen attende til Solemsøya. I kyrkjebøkene står det at: "han fantes død utenfor vinduet om morgenen. Led ellers avkreft". Han har nok gjort det bra i Amerika, for både i f.t. i 1900 og 1910 står han oppført som rentenist.