Dållån (Reselldal)

Posisjon: 32V 0534930 6982047

Dållån var husmannsplass under Søstuggu. Plassen låg nede ved Resa i setermarka.

Daniel Ingebrigtsson Leet var fødd på Tynset i 1805. Det var han som bygsla her i 1855. I ungdommen var han ein vilter krabat, men roa seg etter kvart. Talefør som han var, vart han seinare ein mykje nytta talar på religiøse møter. Dållån var etter måten ein stor husmannsplass. Ved f.t. 1865 hadde dei 3 storfe og 7 sauer og både korn og poteter. Siste brukaren i Dållåm vart Bernt Dullum. Etter flommen i 1940 vart dei veglause, og fann det vanskeleg å bu der lengre. Husa vart da flytta til Dalheim ved Uvøya, der familien busette seg.