Dållåhaugen (Dalhaug)

Posisjon: 32V 0536426 6982924

Denne plassen låg på sørsida Dållåhaugen ut mot brona mot Resa, og var bygsla frå felleseiget til Storstuggu og Nystuggu. Her bodde folk alt i 1760, og var kanskje eldste husmannsplassen i grenda. Plassen var med i f.t. både i 1801 og 1865, men i 1900 var plassen fråflytta. Sistye eigaren hadde eitt barn, Erik, f.1842. Erik Resell reiste til Amerika, og gjorde det godt der borte. (Det vart funne olje på  farmen hans). Da Mikkel Resell og foreldra flytta hit att i 1900, spurde dei Erik om han ville bli med på besøk. Han svara da at det kunne vore moro, "men når e tenkje påhøydraginga på lott tu Raufjella, by de me imot" Han vart ikkje med til gamlelandet.