Grubba

Posisjon: 32V 0636457 6983193

Grubba låg på Storstuggueigedomen der Fagerhaugen er i dag, men husa låg noko lengre mot nord. Der er det ei slogd i terrenget, - ei grubbe.

Her budde Ole Jonsson Snonsgjelen og kona Fredrikke Nilsdatter Brandås saman med sonen Jon. Ole var skreddar og skinnfellmaker. Søster til Fredrikke var kone i Resellgjerdet. Fredrikk(e)ekra ved Fagerhaugen var det Fredrikke som braut medan dei budde her.

Stuggu vart flytta frå Dållåhaugen og hit. På Dållåhaugen vart det no aude, og etter utskiftinga vart det ny grunneigar. Dei bygsla seinare Seterbrekka og flytta dit. Husa vart flytta oppi Helgenget.

Grubba hadde ikkje noko lang historie og er ikkje nemnt korkje ved f.t. i 1865 eller 1900.