Kalvhagen (Frampå Moa)

Posisjon: 32V 0536667

Kalvhagen eller Frampå Moa, under Litjstuggu låg ut mot brona rett opp for Nystuggu. Det var Rasmus Skulgjera som busette seg her, da dei ikkje greide seg lengre i Skulgjerdet. Sonen Anders tok over bygsla etter faren. Han var ein framifrå tømmermann. Han vart gift med Marit Arntsdatter Stamnehagen og fekk 9 born. Dei fleste av desse døyde svært unge. Ein gong døyde 3 med berre nokre dagars mellomrom av difteri i årsskiftet 1890-91. Opp i det hele var det tragisk at ingen turde hjelpe dei. Anders snekra kister sjølv og sette tre etter rad på steinutgarden rundt plassen. I årboka for historielaget 1975 skriv Karen Uvøyen om dette. Ho fortel at Anders gjekk uti Frampåbakken og sn akka med Ole Jonsson Grytbakk, og fekk han til å køyre kistene til kirka. Av dei 9 borna døyde 7 som born. Berre dei to eldste voks opp. Arnt reiste til Amerika medan Rasmus som var eldst f.1870 vart verande heime. Rasmus gifta seg med Berit Åmot (Strypet - ein plass under Åmot), og busette seg på Moa og fekk fleire born. Rasmus var tømmermann liksom faren, men familielukka vart ikkje lang. Da Rasmus var midt i 30-åra døyde han, og omlag samstundes døyde og far hans og eldste dottera, alle i tuberkulose. Berit tok da med seg dei yngste borna og flytta fra rommet.

I f.t. 1910 finn vi ho att i Kvamsøyen ved Skjulenget med tre av borna. Ho hadde da tre leigebuarar, alle med Åmot som etternamn, og som alle hadde fattigunderstøttelse. Her har farsbokstaven på borna vorte A i staden for R, men fødselsdatoane stemmer. Gamlekona finn vi att på Moa i f.t. 1910, da saman med eit barnebarn, Sivert Rasmusen. Han døyr seinare som 15-åring, også han i tuberkulose.

Marit blir buande aleine på Moa i mange år. Ho driv med sau, og strevar med sitt. Ho levde til 1929 da ho døyde på sjukeheimen.

Plassen fall da attende til garden, men det er mange som har budd der i kortare eller lengre periodar seinare. Dei siste som budde der var Ole og Ingeborg Anna Fossmo med døtrene Anna og Jorunn. Ole var i ferd med å bygge nytt hus på Midthaugen da han omkom i ei arbeidsulykke i gruva. Huset vart ferdigstilt og Ingeborg Anna og døtrene flytta dit. Husa på Moa sto til først i 1960-åra og vart da rivne.