Larsstuggu

Posisjon: 32V 0536581 6983211

Larsstuggu eller Gunhildstuggu. Plassen låg like oppom der husa på Resellmo ligg i dag. Her er også Larsholet som i dag forsyner Moen med friskt vatn. Lars Einarsson Resell f.1830 var sonen til Gunhild Nystuggu. Han busette seg her sammen med familien og mora. I bygdeboka står det at plassen var under Resellgjerdet, men det var etter jordskiftet i 1867. Før den tid var Storstuggu og Nystuggu jordeigarar, og husmannen svara avgift (pliktarbeid) til begge gardane.

Alt i 1865 hadde mykje endra seg. Gunhild hadde flytta attende til Nystuggu saman med sonen Anders Corneliusson f.1850,  som seinare vart far til Ola Andersson Grøtengstuen og Lars og Marit var brukarar i Nilsgjerdet. I Larsstuggu budde kårenke Anne Andersdatter Dalhaug, som var tante til Gunhild. Truleg dreiv karane på Dållåhauga begge plassane, da Anne var godt oppi 80-åra.

I utskiftningsforretninga frå 1867 står det: "Den husmannsplads som bruges av enken Anne Andersdatter (Dalhaug) og eies for tiden av Lodeierne C. Sivert Andersen og D. Anders Olsen skal husmandsenken beholde sin tid på samme maade som hidtil og mod at svare Afgiften til sine nuværende Verter. Disse, nemlig Vertene Sivert Andersen og Anders Olsen skal betale til Lodeier Ole Olsen Resellgjerdet til hvem er udlagt til Eiendom - Årlig hver 20 - tyve til sammen 40 - fyrgetyve Våger godt og velvirket Ækkerhø der likeledes leveres inden Aars oktober Maaneds udgang. Det bestemmes i det Hele at dersom Høet ikke leveres godt og i rette tid og i mottagerens Bolig, da kan samme omsettes i penge efter en prise af 30 skill. Pr. Vaag der strax er forfalden til Betaling under Executions tvang."

(30 skilling tilsvarer ca. 1 kr og 1 Vaag er 18,5 kg. Høyprisen blir da 5,4 øre pr kg)

I 1872 reiste både Lars og Anders til Amerika, men dei reiste kvar for seg.

Ved f.t. 1900 var Lars heimkomen, og han og kona budde i Larsstuggu att. Dei fylgde ikkje jord med, og Lars dreiv som snekker og jordbruksarbeider. Inderstkone Marit Pedersdatter døyde 25.12.1909, og ved f.t. 1910 bur Lars hos dottera , Ane i Paulsverkhagen (Pålslykkjhåggån). Lars døyde på gamleheimen i 1926, 96 år gamal. Da Guru Olsdatter Jerpstadgjerdet flytta stuggu si til "Å-Grøtenget, bygde Jon Larsen på  dei tuftene ved riksvegen like nord for Grøtenget i 1911. Larsstuggu sto tom att no, og ho vart flytta hit.