Malipynten

Posisjon: 32V

Malipynten låg på en såttå rett opp for husa på Resellmoa. Her bodde Mali Jørgensdatter Resell f.1833 på ein plass under Agholt. Ho var enke etter Amund Olsson på Amundhagen. Truleg flytta dei stuggu frå Amundhagen og hit til Pynten.

Kronoff var dreng på Storstuggun under gruvekonflikten på Løkken. Han kom forbi stuggu til Mali ein dag, og fann ho svært sjuk. Han for da heim til Jon Storstuggun og sa: "Hon mår inte bra". Mali levde ikkje lenge etter og døyde i jula 1909 av alderdom, som det står i kyrkjebøkene, og ho vart den siste vi veit som budde her.