Ragnhildstuggu

Posisjon: 32V 0537149 6984122

Fram til 1910 var det berre nokre få bolighus på gnr. 126-129. Dei fleste av desse sto ikkje på utskilt tomt, og var kan hende som husmenn uten jord å rekne.

Ragnhildstuggu låg sør for Grøtengstuggu 2 (Jatrustuggu). Her bodde Ragnhild O. Resell fødd i Rindal i 1848. Ho arbeidde rundt omkring på gardane. Ho hadde sonen Ola Andersson Resell f.1872. Far til Ola var Anders Korneliusson Resell frå Nystuggu (sonen til Gunhild). Ola reiste til Amerika i 1893. Det var ikkje så enlelt dei første åra der borte, og i 1897 skreiv han til Anders J. Resell at dersom han ikkje måtte reise var det best å bli heime. Dette kan tyde på at Anders vurderte å reise.