Resellhagen

Posisjon: 32V 0536740 6984150

Resellhagen, under Nordstuggu, ligg om lag rett opp for Nordgard.

Ole Haldosson Rikstadrønning bygsla, og bygde her i 1907. Stuggu på heimrommet Rikstadrønningen, vart rivfe og flytta hit. Her voks det opp ein stor ungeflokk som alle tok namnet Resellhagen. Den eldste, Haldor, reiste til Amerika (Canada) i 1927, og var bl.a. med som soldat ved landgangen i Normandie. Dei andre vart verande i bygda. Sonen Mikkel kjøpte bruket og vart sjølveigar i 1951. Dotter til Jon, Sigrun, eig no husa og nyttar dei som fritidsbolig. Nordstuggu har kjøpt att jorda.