Skulgjerdet

Posisjon: 32V 0536525 6983485

Skulgjerdet, eller Gjerdet som det først heitte, vart utskilt frå Litjstuggu i 1811 som sjølveigarbruk. Alt i 1801 budde Anders Jonsson Ulberget og kona Marit Rasmusdatter der saman med sonen Jon på 11 år. Dei fekk året etter sonen Rasmus, og det vart han som tok over Skulgjerdet. Anders, f.1756 var frå plassen Ulberget i Rennebu busette seg her. Han var ei tid "2-den skoleholder" i bygda, og det er etter han bruket har fått namn.

Han var tilsett av presten Parelius som da var prost. Parelius var "potetprest" og sa i preikene sine: "sett potet i solvendt bakke". Anders fekk settepoteter av Parelius og vart den første i grenda som dyrka potet. Etter å ha hjelpt ein nabo med å skrive klage på presten, vart han oppsagt som lærar.