Ellingshagen

Posisjon: 32V 0535084 6990247

Ellingshagen (Rønningen) som til dagleg har vore kalla ”Håggåhåggån”, ligg ikkje langt frå Volløymarka sør for Øyahaugen.

Elling Eriksen Hilstad f. 1769 g.m. Marit Evensdatter Resell bygsla romet.

Dotra Anne gift med Perder Arntsen Oppstuggu Berg tok over bygsla av Ellingshagen frå 1838.

Her var det husmannsfolk til ut i 1920-åra. Dei siste som var på romet, var Arnt frå Brattråket, son til Kristen Holia og Gjertrud Brattråket, og kona Sigrid Pedersdatter f. Løfall. Som eldre flytta dei til gamleheimen på Mogset .