Kalvhagen

Posisjon: 32V 0534972 6989485

Vart husmannsplass frå ca. 1880

Det var Marit frå Sybrustuggu som vart gift med Kristen Storås som starta opp her.

Marit var kjent som ei uvanleg intelligent og kunnskapsrik jente. Alt som konfirmant merka ho seg ut. Det var sagt at presten før konfirmasjonen fekk pengar eller annan verdi for at konfirmantane deira skulle bli flytta fram slik at dei sto langt framme på kirkegolvet ved konfirmasjonen.

Men Marit sto først på kirkegolvet ”sjøl om ho var dotter til skinnfellmakaren i Brustuggu” (Meir om Marit i Årboka 1998 s.70).

Av dei sju bonna reiste Ingeborg til Nord-Dakota som attenåring i 1900, og av dei yngre bonna fylgte Anne etter i 1905 og broren Kristen i 1909. Heimen vart lagt ned. Jorda gjekk attende til hovedbruket.

Ein av sønene vart verande her i bygda og fekk etter kvart stor huslyd som har namnet Syrstad.