Nermoen

Posisjon: 32V 0535741 6990451

Eigedomen Nermoen som ligg nede på flata ved Kølmoen og med grense til Volløyeigedomane, vart til da Oppstuggu vart delt i to i 1742.

Nermoen var ein husmannsplass frå slutten av 1700-talet.

Det var Jonas Toresen Segard Syrstad som bygsla jord og busette seg her først. Frå 1849 vart det eit eige gardsbruk. Ole Eriksen Muan kjøpte denne eigedomen saman med eigedomen Muan. Det vart også eit jordbytte ved at denne eigedomen vart lagt til Nermoen mot at denne eigedomen bytta bort Langvatnet.

I denne tida hadde garden si stortid. Bonden, Lars frå Rennebu og kona Ingeborg Moe bygde nye store bygningar. Lars var einaste poståpnaren i kommunen frå 1850-åra fram til Simen Tøfte tok over i 1871.

Døtrene Anne og Olava tok over eigedomen fra 1897. Søstra Johanna som vart gift med Ole Nordvoll, var jordmor.

Ei anna dotter Elise, vart gift med Edvard Staveli og tok over eigedomen som seinare vart selt ut av slekta.