Storsletta

Posisjon: 32V 0535251 6990124

Storsletta ligg på sletta mot nord i grenda og var husmannsplass frå 1855.

Dei første som hadde bruket, var Ola Olsen Håbjørgen gift med Mali Syrstadvoll. Sjøleigar frå 1886.

Yngste sonen, Ola, vart gift med Randi frå Horg og tok over bygsla og førte eigedomen vidare til dotra Marit som vart gift med Erik Solemsmo. Seinare tok dotra deira, Randi og mannen Per Syrstadvoll over bruket. Neste generasjon, sonen Erik gift med Solfrid, har nå Storsletta.