Sybrustuggu

Posisjon: 32V 0535838 6989378

Sybrustuggu var eit plassrom ved riksvegen sør for Sya.

Ola Evensen fra Hovshaugen f. 1827 og kona Maren Mosbryndslykkja satte seg ned her. Her vokste dotra Marit, som kom til Kalvhåggån, opp.

Ole Andersen Hokold f 1842 gift med Ingeborg Brattråket flytta inn her.

Dei fekk ei dramatisk oppleving i 1880-åra ved at tri av dei fire bonna fekk difteri, som folk hadde stor otte for. Ola, som var gravar på kyrkjegarden, måtte sjøl laga kister, og han drog dei tri bonna på kyrkjegarden etter tur og grov grav åt dei

Etter at ”Hokollin” døydde først i 1930-åra, vart bruket lagt ned, og stuggu vart snart selt og flytta.