Syrstadmoen

Posisjon: 32V 0535546 6990055

Dette romet låg lengst i aust på flata til Systogrenda opp for Kølmoen.

Husmann frå ca. 1790. Dei vart sjøleigarar frå 1886.

Dei første som var her, var Johan Eriksen Grytbakk gift med Marit Midtskog.

Fleire slekter har hatt eigedomen. Den som har hatt den lengst, var slekta etter Ole P. Bolland frå Flå Gauldalen f. 1832 gift med Johanna Grutaplass. Dei hadde fleire bonn m.a. Martin som seinare tok over plassen.

Ola døydde i ei høylu i Stangabogane.

Etter at fleire eigarar var innom bruket, kjøpte sonen deira, Martin gift med Berit Olsdt.Tøfte, att eigedomen.

Sonen deira Olav f. 1914 gift med Malfrida Hyttnes frå Aure tok seinare over bruket.

Eigedomen er nå selt, og husa rivne.